Etterlysninger
Home Jobb Interesser Slekt Etterlysninger Min familie

 

Her er diverse personer/familier som eg er på jakt etter ytterligere opplysninger om.

Oppdatert 20.02.2005

Eg har problemer med min mors forfedre. Mykje rot og lite reelle opplysninger. Har forsøkt å sette opp ein oversikt over det eg har. Så har du opplysninger, store og små, om følgende navn: Jørgensen, Anderson, Kalvø, Ostnes og Orloff så vennligst ta ein sjekk Her. Mykje av desse navna er i frå Ålesund, men det er også forgreininger ut på Haramsøya i Haram kommune.

Ole Pedersen er fødd ca 1750 på Øvre Søvik i Sykkylven og er  min TippTipp oldefar. Om du klikker på denne linken så får du sjå kva eg har funnet ut om han og familien i forskjellige bygdebøker her på Sunnmøre. Er det nokon som har tilgang til kyrkjebøker for Sykkylven for denne perioden er eg takksam om dei slår opp og ser om dei finn han og eventuelle foreldre.

Er også på jakt etter informasjon om følgende familie.

Følgende er sakset ifrå folketellinga for Ålesund 1901

Bernhard Anderson,Fisker, Jægteskipper, 1859 Sverige
Josefine Olivia Ols. Hustru 1862  (Hun døde i Bergen 11.08.1951. Er muligens fødd Jørgensen ?)
Aksel O. B. Anders. Søn 1885  (Han er min bestefar på morssiden, døde i 1955)
Bartel O. Anders. Søn 1887
Bernhard Anders. Søn 1890
Adolfine B. Anders. Datter 1896  (Hun døde i Bergen 03.02.1974)
Laura Marie Nelly Anders. Datter 18.05.1900  (Hun døde i Bergen ca 1989)

Her er det eg har funnet ut så langt:

Bernhard Anderson født 27-06-1859, Klädesholmen, Bohuslän, Sverige, yrke Jægteskipper / Fisker, gift 16-11-1882, Ålesund kyrkje, Ålesund, med Josefine Olivia Olsdatter, født 28-01-1863, Veblungnes ?, død 11-08-1951, Bergen, gravlagt 17-08-1951, Solheim kapell, Bergen. Bernhard døde etter 1900 ein gang.

Faren til Bernhard er Andreas Andersson og mora er Anna Berntsdtr. Begge antagelig frå Klädesholmen, Bohuslän, Sverige.

Far til Josefine Olivia er Ole Olsen Veblungnes.

Bernhard er konfirmert i Klädesholmen, Bohuslän, Sverige, 30.08.1874.

Josefine er konfirmert i Borgund kyrkje 27.04.1878

Er der nokon der ute som kan fortelle meg noko om denne familien. om Bartel og Bernhard veit eg ikkje noko anna enn navna og fødselsåra deira. Takknemlig for alle opplysninger, store og små.

Søker etter opplysninger om forfedre til Peder Andersen Flaaskjer, f. 1751, Flåskjer, Vartdal, Ørsta. Døde 1807 i Ulstein. Han var gift første gang med Marie Knutsdotter, f. ca 1750, d. 1790. Leiter også etter hennes forfedre. Alle opplysninger mottas med takk.

Mine naboer har blitt bitt av basillen og søker opplysninger om følgende personer:

Herman Jensen, født rundt 1883-85 i Hamar traktene. Han flytta seinare til Ålesund og vart gift der med Ruth Jørgine Pettersen. Han døde ca 1965.
Hans mor skal vere Maren Herre-Hansen.

Dette er alt dei veit om denne familien, er der nokon som har noko om desse personer så vil det bli mottatt med takk. mail meg og eg skal formidle eventuelle beskjeder.