Jobb
Home Jobb Interesser Slekt Etterlysninger Min familie

 

Oppdatert 28.02.2009

Eg jobber for Odfjell ASA som er eit kjemikalie tank rederi. Odfjell har hovedkontoret i Bergen (Minde) og driver hovedsakelig med transport av kjemikalier, men har også ein del tankterminaler rundt omkring i verden. Odfjell har ein markedsandel, etter eit delvis kjøp av det Greske rederiet Seachem, på 23 %. Og har derav passert Stolt Nilsen som verdens største på kjemikalie transport. Odfjell eier heilt eller delvis ca 50 skip sjølv medan ca 40 skip er innbefraktet på forskjellige måtar. Odfjell har i ordre for levering dei neste åra 6 skip frå Kina

Rederiet har sidan 1985 vert mest kjent under navnet Storli ASA, men i 1998 så vart gamle navnet tatt i bruk igjen. Og bra var det sei no alle oss som har vert med ein stund.

Rederiet vart starta i 1916 og er i år 93 år gamalt. Odfjell har  sine egne sider på nettet. Vel verdt eit besøk. Du kjem direkte dit om du trykker på Odfjell ASA.

Geir Dahl har forfattet eit lite, humoristisk skriv om kjemikalie transport, det finn du her dummy.gif (1313 bytes). (Engelsk tekst)

Eg har jobba for Odfjell sidan 1975 og i dag er eg maskinsjef ombord i eit skip som heiter Bow Firda, den vart bygd ved Kleven Florø i Florø og var ny i november 2003. Ho er 183,10 meter lang, 32,20 meter brei og har ein total høgde på 43,36 meter. Og er på ca 37250 dødvekt tonn. Dette er det "første" skip som er satt i drift som har ein såkalt "elektronisk" styrt hovedmotor, vi har blant anna ikkje montert Kamaksling på denne motoren.

Her er eit lite PDF dokument på engelsk som beskriver denne motoren ombord i Bow Firda.

Og her er eit lite PDF dokument på engelsk frå Bow Cecil som beskriver dei første forsøka med å gå utan Kamaksling.

Og til slutt eit PDF dokument også på engelsk som beskriver den "Elektroniske" motoren.

Eit lite bilete av søsterskipet Bow Cedar finn du her.

Denne hovedmotoren er på 14160 hester. Denne gjer oss ein fart på ca 16 knop i fullasta tilstand. Vi har 47forskjellige lastetanker ombord, alle er laga i rustfritt stål. Kvar tank har sin egen pumpe nedsenket i tanken, og sine egne liner (Rør) for lasting og lossing slik at det er umuligt å blande sammen lasta. Og det kan no vere betryggende med tanke på at mykje av den matoljen som du har på kjøkkenet heime er frakta av slike skip som dette her.

Maskinsjef sei du, kva er no det! Jau, det er stort sett det samme som teknisk sjef i ein bedrift på land. Så alle problemer (stort sett) havner innom meg. I tillegg så er eg ansvarlig for skipets vedlikeholds systemer. Så desverre går mykje av tida ombord til å sitte på kontoret og "knøvle" med papir og eg kjem meg ikkje så mykje ut i felten som ønskelig.