Interesser
Home Jobb Interesser Slekt Etterlysninger Min familie

 

I fritida driver eg blant anna på med slektsforskning, noko som du kan sjå meire av om du går til slektssida mi som du finn her . Dette tar som alle kjenner til meir og meir tid etter som ein graver seg djupare og djupare ned i matrialet. Er medlem av DiS Norge samt DiS Møre og Romsdal. Og det er ikkje så dumt, tykker eg. Her treff ein likesinna personer med samme interesser og frustrasjoner når tinga ikkje ramler på plass slik som dei burde ha gjort.

Ellers så liker eg å fiske, reiser ofte ut i havet og prøver meg på tøsken ( Torsken ) og andre fiskeslag som dukker opp. Eg har ein Tresfjord Combi 29 som eg bruker til dette. Denne båten er vel meire kjent under navnet Tresfjord Nordic, men er like god for det.

Her kjem eit bilete frå ein fin tur ut i havet.

ingmar.jpg (34444 bytes)

Dette er ein sei på ca 12,5 kg. (Seien til høgre)

Ellers så er eg ganske sportsintressert og så leser eg ganske mykje, både faglitratur, aviser, bøker etc etc. Leser stort sett alt eg kjem over.

Dreiv på ein tid med å "studere" data, las alt eg kom over og forsøkte å forstå kvifor det skjedde. Nå har eg gitt opp dette, er mest fornøgd om det fungerer som det skal. Og det gjer det - stort sett.

Eg har ein tendens til å rote med altfor mykje på samme tid så tida heime strekker sjeldan til for å få gjort alt eg skulle ha gjort. Men eg er vel ikkje aleine om det.

Sist oppdatert 28.02.2009