Elias Hansen Røssevold
(1872-)
Petrine Nicoline Caroline Iversdatter Furholm
(1862-)
Gerhard Larsen Torvik
(1862-1953)
Petrine Paulsdatter Bergsnev
(1867-1940)
Olaf Henrik Eliassen Bjørnøy
(1892-1969)
Berthe Kanutte (Kamilla) Andrea Bergsnev
(1899-1979)
Palmar Bjørnøy
(1918-1996)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Nålevende

Palmar Bjørnøy

  • Født: 12 Des 1918, Bjørnøy, Haram
  • Død: 30 Nov 1996, Haram Sjukeheim, Brattvåg, Haram 77 år gammel
  • Begravet: 6 Des 1996, Hamnsund Kyrkjegard, Hamnsund, Haram

  Generelle notater:

Palmar var den som hadde flest turer over nordsjøen under den andre verdens krigen, han hadde 54 stykker. Etter krigen (Han vart dimitert i 1949) starta han opp Pyrofabrikken på Gamlem. Dei produserer bysser og varmeanlegg til skip.
Kone: Solveig Margrete, Barn: Ove, Barnebarn: Palmar Svenn, Andre gm Terese, Oldebarn: Per Ove. Oves samboer Vigdis Flatseth (Har gutten Sebastian) I tillegg så hadde Palmar søstra Solveig. ( Dødsannonse 02.12.1996 )


Bauta over ein stillfarande dådsmann.

Solfylte Gamlem og Søvik var i festskrud laurdag; frå alle stenger vaia norske flagg til ære for bygda sin store son Palmar Bjørnøy, og frå fjernt og nær hadde bortimot 500 unge og eldre samla seg til avdukinga av minnesmerket over mannen sjølv og hans heroiske innsats i krig og fred.

Blant dei frammøtte var fleire av veteranane frå Shetlandsgjengen. Mange gjorde seg nytte av tilbodet om skyss frå Ålesund med Nordsjøtrafikkens sagnomsuste M/B ±Heland>. Gamlekarane liva oppatt mange gode minne om sin ven og forbundsfelle, og dei fekk sjølve sin del av hyllesten både frå talarstolen og frå ei applauderande forsamling. Takk og ros vanka det og til Vatne/Tennfjord Rotaryklubb, som har sytt for å få reist denne bautaen - i Palmars eigen lune hage.

- Ein stillfarande dådsmann! var nemninga krigshistorikar Ragnar Ulstein brukte i sin varme og velforma avdukingstale. Palmar Bjørnøy var eit ankerfest i eliteavdelinga som vart kalla Shetlandsgjengen, han var så å seie Leif Larsens høgre hand. Desse to, saman med kameratane sine, sette ein standard som bør vere ei rettesnor for framtidige generasjonar. Mot og ukueleg vilje til å halde ut vil trengast til alle tider!

Ulstein oppsummerte hovedtrekka i Shetlandsgjengens innsats, med serleg vekt på nokre av dei mest dramatiske tokt av dei rekordmange som Palmar Bjørnøy var med på.

Ei oppleving var det og å høyre ein dei overlevande frå ±Bergholm>-dramaet i mars 1943, bergensaren Finn Clausen, trekkje fram minne frå krigens dagar. Han bar fram helsing frå dei andre kameratene som framleis er i live, og han hadde gode ord om venen Palmar. Han fortalde kva Leif Larsens ein gong svara på spørsmål om han aldri var nervøs: ±Visst er eg nervøs - men eg orker ikkje å ha nervøse folk rundt meg...!> Clausen la til for eiga rekning:
- Der var Leif heldig, som hadde akkurat Palmar ved si side.

Finn Clausen uttrykte takksemd til mange hjelpesmenn dei hadde her i distriktet - under ±Bergholm>-evakueringa var det mellom andre Palmars far Olav Bjørnøy, Lars Torholm med familie, Sverre Roald og Gerhard Skorpen. Han ga ros til det etterarbeid som er gjort nettopp i Ålesund og på Sunnmøre, m.a. synleggjort ved det vakre nordsjømonumentet på Skateflukaia og gjennom den verdfulle historiske dokumentasjon utførd av veteranar som Ragnar Ulstein og Joachim Rønneberg.
Eit vakkert innslag var det og då Leif Larsens dotter Marit la ned ein bukett raude roser ved minnesteinen som helsing frå Palmars kameratar.

Fylkesmann (og mangeårig forsvarsminister) Alf Jakob Fostervoll kom med vakre ord om den fridomstrang, det mot og den offervilje som karane i Shetlandsgjengen var eksponentar for, og han appellerte om stadig årvake vakthald for fridom og fred. Han trakk og fram den rolle familiane der heime spelar i tunge tider, og han overrekte blomster til enkefru Solveig Bjørnøy.

Ordførar Oddbjørn Tennfjord bar fram takk frå bygdas og kommunens side for reisinga av minnesmerket over ein mannn som har gjort seg storleg fortent til heideren - ikkje berre for sin innsats i krig, men og for modig satsing i fredens tid pa ei industriverksemd som har skaffa arbeid og levebrød for mange i nærmiljøet.

Blant lydhøyre deltakarar i minnestunda var dei unge musikarane i Søvik Brass, som under leiing av Jan Granum spela Fliflet Bræins ±Ut mot havet>. Ein spesielt stor dag var det nok for tiårige Jan Ove Bjørnøy, som eigenhendig fekk avduke bautaen over oldefar sin.

Smp.no: Peter Hesseberg 19.06.2000 00:23:28

I fødselsregisteret er han innført som Palmar Hildur ?

  Hendelser i hans liv:

• Yrke: Starta opp Pyrofabrikken på Gamlem.


Palmar giftet seg med Nålevende



Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia