Karl Hansen Fjørtoft
(1896-)
Thea Larsdatter
(1899-)
Karl Larsen Fjørtoft
(1894-1967)
Anna Olsdatter Fjørtoft
(1898-1986)
Kjell Karlsen Fjørtoft
(1922-1980)
Else Fjørtoft
(1927-1987)
Kjell Einar Fjørtoft
(1952-2011)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Nålevende

Kjell Einar Fjørtoft

  • Født: 7 Jul 1952, Fjørtoft, Haram
  • Død: 24 Apr 2011, Fjørtoft, Haram 58 år gammel
  • Begravet: 29 Apr 2011, Fjørtoft Kapell, Fjørtoft, Haram

  Generelle notater:

Kulturprisen i Haram 2008 til Kjell Einar Fjørtoft

( http://www.haram.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=197&AId=414&Back=1 )

Kulturutvalet i Haram har vedtatt å gi Kulturprisen i Haram for år 2008 til Kjell Einar Fjørtoft, Fjørtoft, ein samfunnsborgar og kulturpersonlegdom som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. Prisen er på kr 10.000, diplom og kunstverk av Eve Lis Eikrem.

Prisen blir offisielt utdelt på siste møte i Kommunestyret før jul, torsdag 18. desember.

I grunngjevinga har Kulturutvalet lagt vekt på m.a.:

Kjell Einar Fjørtoft, f. 1952, er ein samfunnsborgar og kulturpersonlegdom som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. Han har vore glødande aktiv i lokalsamfunnet på Fjørtofta, men også utover den naturlege og våte "bygdegrensa".

Til trass for at han vart råka av nervesjukdomen MS i 1993, har det ikkje sett stoppar for pågangsmot, idéar og kreativitet. Han er ei usjølvisk, positiv og skapande kraft. Av dei mange prosjekta Kjell Einar har vore involvert i opp gjennom åra kan ein nemne:

- Noregs Godtemplar Ungdomsforbund (NGU). På 70-talet var han svært engasjert i NGU si fråhaldssak, lokalt og nasjonalt. Lokallaget "Øykameraten" arrangerte i 1973 landsmøte på Fjørtofta. Kjell Einar var leiar for laget og ein av hovuddrivkreftene bak arrangementet.

- "Torgdag". I 1992 var det arrangert "torgdag" i Ålesund. Kjell Einar sin tanke var å gjenskape ein "torgdag" frå gamle dagar, då folk frå øyane kring byen kom roande eller seglande med varer dei skulle selje på torget, eller på andre måtar setje sitt preg på bybiletet. Arrangementet vart ein stor suksess.

- "Kystkulturkorpset". Skulekorpset på Fjøtoft bør vise tilhøyre, meinte Kjell Einar. Slik utvikla han idéen om eit "kystkulturkorps". Han stod bak både idéutvikling og innsamling av midlar til nye drakter. Draktene fekk ei nål i halsen, kopiert av ei sølvnål som vart funne i ei kvinnegrav frå vikingtida på Fjørtofta.

- "Travelling tern". Terna vart symbolet på samarbeidet som Kjell Einar og Fjørtoft skulekorps inngjekk med Retha Cilliers og Field Band Foundation i Sør-Afrika. Til Haramstreffet 2002 kom to gutar frå Sør-Afrika til Fjørtoft og heldt kurs for mange hundre korpsungdommar frå Haram.

- "Fjørtoft-treff". Mange har røtene sin på Fjørtofta, og difor kom Kjell Einar på idéen om "Fjørtoft-treff". Dette har vore eit samkome for utflytta og fastbuande som har vore arrangert mange gongar. Hundrevis av menneske besøkjer øya når treffet blir arrangert.

- "Forteljarkveld". Kjell Einar er lidenskapeleg oppteken av forteljingar og forteljarkunst. Ingenting fengjer som nokon som kan fortelje ei god historie, meiner han. Difor har han ved fleire høve invitert bygdefolk til forteljarkveld på samfunnshuset. Forfattaren Marie Lovise Widnes var gjest ein av gongane.

- "Fjørtoft kulturverkstad". Det er mange lag og organisasjonar i lokalsamfunna rundt om. Og til mindre samfunna er, dess færre personar er det til å engasjere seg i desse. Ofte er det dei same personane som er drivkrefter i fleire lag. Kvifor kan det ikkje berre vere ein institusjon eller lag som organiserer kulturføretak i eit samfunn, tenkte Kjell Einar. Slik vart paraplyorganisasjonen Fjørtoft kulturverkstad stifta.

- "Å, sei du det...?" Språk og lokal dialekt har alltid vore viktig for Kjell Einar. Med nitidig arbeid gjennom mange år, har han samla dialektord frå Haram mellom to permar. Boka kom ut i 2005 og har blitt trykt i to opplag. Overskotet av salet gjekk til stiftinga Haram kulturfond.

- Fjørtoft folkehøgskule. Då Fjørtoft skule vart bestemt nedlagt frå hausten 2008, byrja idéane å svirre hjå Kjell Einar. Kva skal skulebygget kunne brukast til? Saman med gode vener har han teke tak i tanken frå 70-talet, om å skipe ein folkehøgskule på Fjørtofta.

I tillegg har han gjennom arbeidet i Haram og Sandøy kommunar vore involvert i sterkt samfunnsgangleg arbeid gjennom bygdeutviklingsprosjekt og nettverksgruppa Tausalyftet.

Svingbord

Kjell Einar Fjørtoft



Då eg var liten gut, kunne eg vere rett ei plage for mor mi, stundom. Og at me budde på ei øy ute i havet gjorde det ikkje nett lettare. Med sjøen og kaiene så nært. Han far var no så mykje borte på fiske, og eg hadde ein lei vane med å springe ned til hamna straks eg høyrde ein båt kom, og skulle ta i mot far min. For eg hadde vel støtt ei sikker von om at det var båten han far var med som kom. Følgjeleg såg ikkje mor seg anna råd til slutt, enn at ho tjora meg i eit langt tau festa til bjørka ved trappa. Ho måtte det, stakkar, skulle ho vere trygg for gutungen. Men, der hadde ho forrekna seg! Han Besten kom heim, og då….. Han drog fram ein skarp tollekniv og kutta "trossa". Ikkje berre av, men opp i mange småbitar, med klar beskjed til mor om at "ein bind ikkje fast gutungar!!!"

No vart det no slik med meg, at eg heldt meg mykje i lag med han Besten. Følgjeleg vart no praten mykje gåande om sjøliv og båtar, då, veit du. Og eg forsynte meg glupsk av alt som vart servert om fiske og om båtar. Var vel ikkje så tungbedd om der dukka opp eit høve til å blamere med litt av alt eg visste heller, tenkjer eg.

Og han Besten drog meg med seg over alt. På land og på sjø. Eg fekk tidleg lære meg å ro, til dømes. Og vart tidleg innprenta viktige reglar for livet ved havet. Så som til dømes aldri å rope høgt om du er ved sjøen. Ropar gjer ein berre dersom ein er i naud og treng alarmere for hjelp. Aldri rope ved/på sjøen!!

So var det det skjedde ein dag, då, eg kunne vel vere ein 5 \endash 6 år, i \endash 57 eller \endash 58, at eg skulle kome til å mæle dei orda som eg skulle verte erta for heile min barndom og oppvekst. Det skjedde slik, ser du, at han Besten hadde meg med seg om bord i båten som låg på utfar borte på hamna. No var me på veg til lands att, roande i ein jolle. Det vil seie, han Besten rodde, og eg halvt hang over ripa nyfiken glanande etter det som måtte finnast å sjå på. Me hadde jollen belagd til brygga like ved der rutebåten pla leggje til, og me var nesten til lands komne. No høvde det seg slik nett då, at rutebåten frå byen var ventande kvart øyeblikk, så "mottakings-komiteen", både vaksne og born, var samla på kaia.

Og med eit slikt talrikt publikum for hand, måtte då eg sjølvsagt nytte høvet til veslevaksent å leggje for dagen prov på litt av det eg meinte eg sat inne med av godt sjømannsskap. Til dømes hadde eg høyrt om dette med styrbord og babord, trudde eg hadde lært dette, og meinte vel at høvet nett der og då var lagleg for å demonstrere for 'all verda' min kunnskap ut i det maritime vokabular. I det Besten nett skulle til å legge til ved bryggja, så snudde eg meg bak til han og ropte rådgjevande: "Litt meir svingbord, Besten!"

Å akk, for ei ulykke! For ei ulykksaligheit! Med talrikt publikum på land, sværande takksam for slik uventa underhaldning, hadde eg her lagt grunnlaget for ei årelang plage. Svingbord? "Litt meir svingbord, Besten!"!? - Dette utsagnet skulle eg verte mint om straks eit høve til det baud seg fram gjennom heile min oppvekst, og vel så det…. Svingbord ? Ja,ja…

Men ikkje nok med det. Sjølv langvegs hadde orda fare, skulle det vise seg. Var det ikkje nemnt noko om ord og uransakeligheit ein stad?

I 1986 var eg og han Silas i Bergen på ei oppdrettsmesse i Bergenshallen, promoterande det me meinte var ei stor nyvinning for oppdrettsnæringa. Den første katamaran arbeidsbåt på markedet. Utvikla og bygd på Fjørtoft. Sikker og stødig, rett ein traktor for lønsam dyrking i oroleg hav. Havtraktor. Og til ferdsel ved tandrenotposar og viltert tauverk hadde ikkje båten propellframdrift. Nei, her fanst to vassjet-aggregat, totalt innebygde i skroga. Her stakk ingen ting ut som kunne hengje seg opp i not eller tauverk. Og båten kunne manøvrerast slik som helikoptera kan det i lufta. Like godt sidelengs som attover eller framover. Me var nok ikkje lite stolte der me stod presenterande vidunderet for ei heseblesande, ekspanderande oppdrettsnæring.

Borte i eine hjørnet på standen stod eit TV og synte levande bilete av fartyet, manøvrerande seg lett ikring ved eit oppdrettsanlegg. Og fartyet vekte oppsikt. Spesielt vekte manøvreringseigenskapane stor undring og åtgaum.

Då var det det skjedde, det som sjokkerte både han Silas og meg, slik at me begge måtte sette oss så fort at magesyra formeleg draup ut av øyrene våre. Nokre staute strilkarar stod hovudristande, undrande over kor fartyet manøvrerte, og den eine, ein sindig kar i 70-åra, utbraut: "Da va nåkke kor han manøvrerte den båten! Det kjem so føre meg det gutungen oppå Møre sa ein gong. \endash Litt meir svingbord, Besten!"…….


Kjell giftet seg med Nålevende



Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia