Leiv Olsen Rakvåg
(1912-1998)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Olette Emilie Andreasdatter Orvik

Leiv Olsen Rakvåg

  • Født: 22 Aug 1912, Rakvåg, Midsund
  • Ekteskap: Olette Emilie Andreasdatter Orvik den 24 Nov 1940 i Otrøy Kyrkje, Midsund
  • Død: 26 Okt 1998, Orvik, Midsund 86 år gammel

  Generelle notater:

http://www.oyavis.no/0102bs.htm

Med suvenirbedrift som hobby
Dei står på tur til Bergen då vi vitjar dei på Vartdal i Ørsta kommune, der dei har budd saman i nærare førti år, men likevel tek dei seg tid til ein prat med oss frå Øyavis. Ho, Annlaug Øye, har arbeidd som kontordame i ymse bedrifter, medan mannen hennar i alle år har vore tilsett i trygdeetaten. Men ved sida av dette driv dei saman ei suvenirbedrift på heimstaden sin i Vartdal, der dei produserer ymse trefigurar og andre gjenstandar som seinare blir rosemåla.

Annlaug er den nest eldste av dei fem barna til Emelie og Leif Rakvåg, som no begge er borte. Faren Leif var fødd og oppvaksen i Rakvågen, me-dan mora Emelie, - Mella kalla til dagleg, - kom frå Hellaren i Orvika. Den eldste dottera deira, Bodil, er gift med Olaf Rogne, som tidlegare var rådmann i Midsund og dei er busette på Hildrestranda i Haram kommune. Den eldste av brørne, Ottar, er busett på Hvidsten mellom Oslo og Moss, medan Annbjørn Rakvåg bur i Ramsvika i Midsund. Yngstebroren Oddleif bur på Raknes, der han er gift med Torill. Annlaug er fødd på Rørset i 1944, og etter at ho var ferdig med skulen, arbeidde ho ei tid som hushjelp på Aukra og stod og litt i butikken på samyrkelaget i Rakvågen.
I 1963 blei Annlaug gift med Gunnar Øye frå Vartdal, men morslekta hans kjem og frå Otrøya, der mor hans er fødd. Ho er syster til Ole Iversen Raknes og Peder Raknes. Mannen til Annlaug, Gunnar, blei og fødd på Raknes medan mora var der. Gunnar Øye har så godt som heile sitt yrkesliv vore tilsett i trygdeetaten. Først var han trygdesjef i Vartdal kommune, men då denne blei slått saman med Ørsta, blei han flytta over til

Annlaug og Gunnar Øye i hagen utanfor huset deira på Vartdal.

trygdekontoret i Ørsta, og her arbeidde han fortsatt då Øyavis vitja dei, men i august 2000 gjekk han over i pensjonistane sine rekkjer. Frå 1980 har Annlaug vore tilsett som kontordame i privat sektor, mellom anna på samyrkelaget i Ørsta, men i 1994 slutta ho i fast jobb, og har seinare teke ein del vikariat.
Saman har Annlaug og Gunnar tre barn. Tove Lise, som er fødd i 1964, bur på Åsane i Bergen og er lærar i vidare-gåande skule. Eit par dagar etter at Øyavis vitja Annlaug skulle Tove Lise gifte seg, slik at Annlaug og Gunnar stod på farten til Bergen denne dagen. Sonen Einar, fødd i 1966, er gift og har to barn. Han er busett i Fyllingsdalen, der han er dataingeniør. Yngstedottera Janne Elin er fødd i 1970. Ho har to barn og har vore skuleassistent, men er no halvvegs ufør og arbeider ein del i suvenirbedrifta til familien.
Annlaug seier ho har triv-dest svært godt på Vartdal heile tida. Tidlegare var ho oftare i Midsund, men no etter at foreldra er borte, vitjar ho Midsund sjeldnare.


Leiv giftet seg med Olette Emilie Andreasdatter Orvik den 24 Nov 1940 i Otrøy Kyrkje, Midsund. (Olette Emilie Andreasdatter Orvik ble født den 31 Des 1915 i Orvik, Midsund og døde den 11 Jan 1998 i Orvik, Midsund.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia