Ridder Eirik Overå
(1460-Omkr 1545)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Elin Gm Ridder Eirik På Overå

Ridder Eirik Overå

  • Født: 1460, Overå, Stranda
  • Ekteskap: Elin Gm Ridder Eirik På Overå
  • Død: Omkr 1545, Overå, Stranda i en alder av omkring 85 år

  Generelle notater:

Eirik var utsending til Riksmøte i Bud i 1537. Bror hans, Arne, var den siste katolske prest til kyrkja i Upsvik. (Opsvik)


Ein artikkel frå Grova, Lokal historisk heimeside.


Har "Riddar Erik på Overå" eksistert?

I Stranda bygdebok III står det: "Ridder Erik på Overå, f. 1460. Erik var utsending til Riksmøte i Bud i 1537, bror hans Arne var den siste katolske prest til kyrkja i Upsvik. Død ca. 1545"1). Ein riddar som var med på dei viktige og avgjerande riksmøteforhandlingane på Bud bør ha sett spor etter seg, både lokalt og nasjonalt. Lokalt som ei leiar for bøndene på Sunnmøre og nasjonalt som ein viktig aktør i den politiske striden på 1520- og 1530-talet. Og med dette utgangspunktet gjekk eg til kjeldematerialet, og eg trudde det skulle vere ei enkel sak sidan det er så få norske riddarar på 1500-talet.

Oppgåva er tilsynelatande enkel: Vi skal finne ein norsk riddar med namnet Erik, med farsnamnet Olav2), og med tilhald på Overå. Det betyr at Overå må vere ein såkalla setegard. Og denne riddaren skal ha delteke i den politiske striden på 1520- og 1530-talet. Opprøret til det norske riksrådet som kulminerer med at leiaren for opprøret, erkebiskop Olav Engelbrektson, rømer landet i 1537. Resultatet av striden endar i Norgesartikkelen i kong Christian IIIs handfesting av 1536: Norge skal opphøre som eige rike og bli underlagt Danmarks krone til evig tid3).


Tenkt framstilling av riksmøtet på Bud i 1533, illustrasjon frå Aschehougs Norgeshistorie.

Len i Norge på 1500-talet. Landet var inndelt i fire hovudlen: Båhus, Akershus, Bergenhus (inkl. Nord-Noreg) og Trondhjem. M.a. Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal var underliggjande len.

Riksmøtet på Bud i 1533
I samband med 400-års jubileet for riksmøtet i 1933 gav Bud Heradsstyre ut eit minneskrift med bidrag m.a. frå historikaren Johan Schreiner. (Riksmøtet var 15. august 1533, ikkje i 1537 slik som det står i bygdeboka). I artikkelen går Schreiner gjennom alle dokument som var utferda i samband med riksmøtet. Kven deltok på Riksmøtet i 1533? Frå ulike dokument kjenner vi namnet på fleire: Av dei geistlege medlemmane av riksrådet møtte leiaren erkebiskop Olav Engelbrektson, biskopane Haskold i Stavanger, Mogens i Hamar og Hans Rev frå Oslo. Dei andre biskopane var enten sjuke eller nådde ikkje fram. Dei verdslege medlemmane var Vincens Lunge, Niels Lykke, Esge Bille lensherren på Bergenhus og Claus Bille frå Båhus. Ved sida av desse fire danske riddarane møtte også væpnaren Johan Kruckow, opphavleg tyskar. Tre rådsmedlemmar mangla eller var sjuke: Gaute Galle, Erik Ugerup og Erik Erikssøn Gyldenhorn. I tillegg til dei øvste leiarane for kyrkja (biskopane) og for adelen/kongsmakta (riddarar), bestod riksrådet av leiarane for rettssystemet, lagmennene: Olav Vigfastsson i Trondheim (Frostating), Guttorm Nielsson i Bergen (Gulating), Hans Bagge i Steigen (Hålogaland) og Niels Claussøn Grønn i Stavanger. Truleg nådde dei andre lagmennene ikkje fram. Av andre som var tilstades kjenner vi: Finn Hansson, Håkon på Egge og Aslak Engelbrektsson rådmann i Trondheim. Andre utsendingar på riksmøtet, kjenner vi ikkje namna på, og altså ingen Riddar Erik frå Overå mellom dei namngjevne. Riddar var ein sjeldsynt tittel i Norge kring 1500. Dei få 'norske' riddarane var danskar eller svenskar, t.d. Esge Bille lensherre på Bergenhus.

Ingen historiske kjelder syner at ein person med namnet Erik frå Overå skulle ha vore utsending på riksmøtet i Bud i 1533. Og om ein går gjennom andre dokument i Diplomatrium Norvegicum frå perioden 1520-40, så finst det ingen riddar med namnet Erik Olavsson. Eg har funne tre personar med namnet Erik titulert som riddar eller væpnarar i denne perioden: Erik Eriksson [Gyldenhorn] på Elin i Østfold, Erik til Ugerup (Skåne), og Erik Jehansson.4) Dei to sistnemnde har berre kortare opphald i Norge midt på 1520-talet. Ingen av desse kan knytast til Overå. Vi må derfor konkludere med at riddar Erik på Overå ikkje har eksistert, og denne riddaren nok er eit produkt av fri fantasi.

Har Erik Olavsson i det heile eksistert?

Det fell naturleg å spørje om Erik Olavsson Overå i det heile har eksistert, eller er også han ein fantasifigur sjølv utan riddartittel? Fantasiar har ofte utgangspunkt i noko reelt, kan vi finne eit lite 'snev' av ein Erik Olavsson Overå?

Diplomatarium Norvegicum inneheld 19000 dokument eldre enn 1570. Kjeldesamlinga er tilgjengeleg i søkbar elektronisk form under Dokumentasjonsprosjektet. Ved søking finn vi to dokument som inneheld kombinasjonen av Erik (Eirik, Erich, Erik) og Olavsson (Olafsen, Olafsson) i tida mellom 1500 og 1550. I ein gardhandel på Skaga i Orkdalen i 1515 er ein Eric Olaffson nemnd. Og ved ein annan gardhandel i Berg sokn (Troms) i 1517 er ein Erik Ollaffson i Skalen kjøpar av ein gardpart i Berg. Ingen av desse to Erik'ane kan knytast til Stranda.

Ei anna muligheit for å finne ein Erik Olavsson er erkebiskop Olav Engelbrektsson rekneskapsbok for året 1533. I denne rekneskapsboka finn vi ei liste over setesveinar (truleg erkebiskopens ombodsmenn, skatte- eller tiendeoppkrevjarar). Her finn vi ingen Erik Olavsson, og den einaste setesveinen med tilhald på Sunnmøre er 'Elef paa Sunnes' (Vigra).

Altså ingen Erik Olavsson med tilknytning til Sunnmøre i perioden 1500-1550. Og vi må konkludere med: Erik Olavsson frå Overå er nok også ein fantasifigur.

Skarprettar og fut i aksjon. Teikning frå ei handbok i krigføring. Manuskript frå 1500-talet

Konklusjon

Trass i ei grundig gjennomgang av historiske kjelder frå frøste del av 1500-talet, kan vi ikkje finne nokon riddar med namnet Erik frå Overå i Stranda. Det er ingen veg utanom å karakterisere denne riddaren som fri fantasi, truleg eit produkt av eit ynskje om å skape orden i heller uklare slektstrådar tilknytt gardane Langlo, Oksvik og Overå.

Kan det finnast fleire slike ynskjer og fleire fantasiprodukt i slektene på Overå, t.d. bror til Erik, Arne, som skulle har vore den siste katolske presten til kyrkja i Oksvik. Ja, det blir utgangspunkt for ein annan "småstubb". Framhald kjem!



Kjelder og Litteratur

Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 - 1933. Molde 1933.

Ludvig Daae, Den Throndhjemske erkestols sædesvende og frimend, Historisk Tidsskrift. Tredie Række, Første bind. Kristiania 1890.

Johan Schreiner, Det siste norske riksmøtet i Bud i Romsdal len 15. august 1533, i Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 - 1933.

Notar:
1) Olav Langlo, Stranda bygdebok III, Ætteboka for Stranda, Oslo 1970, s. 282
Stranda Sogelag, Stranda - Bygdebok III, Ættebok, Bind A, Stranda Sogelag 1996, s 67.

2) Fleire slektsgranskarar har gitt riddar Erik farsnamnet Olav (Riddar Erik Olavsson Overå), sjå Anders Søvdsnes, Ættebok for Anders-garden på Søvdsnes, Volda 1966, s. 58. Hjørdis Nørve, Ætta fra jernalder til atomalder, Ålesund 1978

3) Norgesartikkelen i Christian IIIs handfesting: "Norgis riige [...] her effther jcke weere eller hede jngtet koninge riige for seg, menn eth ledemodt aff Danmarcks riige och vnder Danmarcks krone till ewiige tiidt"

4) Ridder Erik Ugerup: DN I:1068, DN VI:697, DN IX:532, DN VII:591, DN XIV:518, DN IX:728.
Væpnar/ridder Erik Eriksen: DN XII:347, DN XIII:529, DN XIV:518, DN IX:728.
Ridder Erich Jehandssens: DN XI:576, DN XI:577.
Diplomatarium Norvegicum, Dokumentasjonsprosjektet

Arne Solli, 23.04.2002

  Hendelser i hans liv:

• Yrke: Ridder.


Eirik giftet seg med Elin Gm Ridder Eirik På Overå. (Elin Gm Ridder Eirik På Overå døde på Overå, Stranda.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia