Per Zakariasson Helbostad
- Født: 21 Nov 1852, Ole/Åmundbruket, Hellebostad, Stranda
- Ekteskap (1): Berit Helbostad
- Ekteskap (2): Berit Sommerhus
- Død: 1939, Trondheim, Sør Trøndelag 87 år gammel
- Begravet: 15 Des 1939, Tilfredshet gravsted, Trondheim
Generelle notater:
Per brukte etternavnet Helbostad, var muligens døpt Peder. han var forfatter og predikant. Han utga 11 (13?) bøker. Han vart konfirmert 26 april 1868 Peder Zacariasson Helbostad.
Sakset frå Grova. (http://www.soga.no/biografi/pzhelbostad.html):
Peder Zakariasson Helbostad var fødd i Sunnylven 21. november 1852, konfirmert 26. april 1868 med karakterane 1-1-1 (best) og døydde i Trondheim 1939. Vi siterer her av det som Nils Syltevig skreiv i Sunnmørsposten om Helbostad etter avferda hans:
±Helbostad er å likne med ei rå steinblokk som med hammar og beitel i kunstnarhand vert gjord til ei prydeleg biletstytte. Då han var 5 år gamal, døydde far hans, og 5 år seinare var han komen som gjætargut i framand grend. Yrket som gjætargut hadde han i fleire sumrar, gjekk ringt kledd, ofte våt og kald.
I folkeskolen var Per rekna for eit flogvit, og på kyrkjegolvet hjå presten var det han som greidde flokane når spørsmåla høyrdest noko vridne. Under den gode kristendomskunnskap låg eit sterkt drag av religiøsitet, og han hadde framifrå evne til å finne ord for tankane sine.
Ein gong presten var ferdig med si verdfulle ±bibellæsning> for fullsett hus, reiste seg ein ung gut i ei trøye som hadde nekta å halde han med ermar lenger enn nokre få tommar framom olbogane. Dette var han Per, som då heldt sin fyrste offentlege tale, noko myndig, sers velforma, klår og hjartevarm, så det vekte undring hjå alle som høyrde han.
Per kom i tenest hjå ein gardbrukar. Fram mot våren skulle han lage ei tregreip, for stålgreipa var enda ukjend. Men denne greipa hans Per var eit syrgjeleg eksemplar, etter som han sjølv har fortalt. Den eine tinden gjekk høveleg djupt i møkdungen, den andre gleid opp på dungen, og den tredje skeivde seg til sides og hogg seg fast mellom steinane i fjøsmuren. Skulle han lage ljåsorv eller rive, synte det seg at han framleis var ein treneve. Men å få utdaning fra Stord lærarskule gjekk smertefritt og med stor hugnad.
Trass han var budd til lærar, vart det ikkje yrket hans. Men i religiøs lei søkte han å gå fram i visdom som i alder.
I si studietid vingla han noko i ymse kyrkjelege spørsmål med di han mintest orda ±Prøver alt, beholder det gode>.
Han reiste til Danmark og var ein sers vel omtykt baptistprest i København i lang tid. Attåt det var han bladstyrar for organet ±Banneret> i 17 år.
Det var ikkje berre som preikar Helbostad var vide kjend, men meir som bok- skrivar. Hans stil var klår og livfull, så det er rimeleg at bøkene hans er spreidde i meir enn femti tusen eksemplar.
Han var i all si tid glad i fødebygda si med den storlagde fjellnaturen. Kvar gong han var her på vitjing, stod hans hug til dei høghøyste dalar, der han jamnast gjekk aleine og kjende seg vel att frå den tid han gjekk og gjætte>.
Av forfattarskapet til P. Z. Helbostad er vel dei historiske forteljingane ±Jernbarden I> og ±Jernbarden II> mest kjende her til lands.
Kjelder: P.A. Lillebø, Sunnylven og Geiranger I Folketeljinga 1865 for 1523 Sunnylven, Peder Zacarias. Folketeljinga 1900 for 0301 Kristiania, Peder Hilbostad Norsk bokfortegnelse: Per Z. Helbostad BIBSYS: Per Z. Helbostad BIBSYS: Peder Z. Helbostad
[Start] [Forrige] [Neste] [Siste] (Post 11 til 20 av 15 poster.) Id Fnavn Enavn Fdt Får Ddt Dår Bdato Bår F R Gnr B GravstedKommuneKirkesognKorr
820216 Peder Zakarias Helbostad 1512 1939 06 C 17 TilfredshetTrondheimDomkirken (Trondheim)
Hendelser i hans liv:
• Yrke: Forfatter/Predikant.
Per giftet seg med Berit Helbostad. (Berit Helbostad ble født i 1856 på Bremsnes, Møre og Romsdal.)
Per giftet seg deretter med Berit Sommerhus. (Berit Sommerhus ble født den 7 Nov 1861 i Rørvik, Nord-Trøndelag og døde den 30 Okt 1949 på Rørvik Aldersheim, Rørvik, Nord-Trøndelag.)
|