Ole Olsen Røvreit
(1808-Etter 1875)
Anne Siverine Sivertsdatter Terøy
(1815-Etter 1875)
Niels Andreas Ingebrigtsen Alvestad
(1841-1924)
Ingeborg Willomine Olsdatter Røvreit
(1842-1926)
Olaus Nilsen Alvestad
(1866-1903)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Maria Bertelsen

Olaus Nilsen Alvestad

  • Født: 21 Feb 1866, Rysgård, Hildre, Haram
  • Ekteskap: Maria Bertelsen i 1895 i Danmark
  • Død: 12 Okt 1903, Voss, Hordaland 37 år gammel
  • Begravet: 1903, Voss gravplass, Voss, Hordaland

  Generelle notater:

Olaus Alvestad

Død 1903.10.12
Født 1866.2.21
Også kjent som Peter Olaus Alvestad
Fødested Haram, Møre og Romsdal
Dødssted Voss


Skulemann, bladmann og songbokutgjevar. Foreldre: Gardbrukar og lærar Nils Alvestad (1841\endash 1924) og Ingeborg Røvereit (1842\endash 1926). Gift 1895 med Maria Bertelsen (4.4.1872\endash 11.2.1952).

Olaus Alvestad var med og skipa folkehøgskulen på Voss, og gav ut ei songbok som har vore brukt i folkehøgskulane og den frilyndte ungdomsrørsla fram til vår tid.

Alvestad var fødd på garden Gjerdet på Hildrestranda i Haram. I ungdomsåra dreiv han med gardsarbeid og heimefiske. 1884\endash 85 gjekk han Romsdals Amtsskole i Nesset, og 1886 drog han til Asker, der han tok lærareksamen ved Asker Seminarium 1888 med framifrå resultat (hovudkarakter 1,23). Sommaren 1888 gjekk han eit målkurs på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. Same hausten tok han til som lærar på Sagatun på Hamar. Skuleåret 1890\endash 91 dreiv han saman med Ole Elias Sønderland ein friskule (framhaldsskule) på Austnes i Haram, og året etter var han andrelærar på amtsskulen i Os, Hordaland.

Frå hausten 1892 var Alvestad lærar på folkehøgskulen i Seljord. Her møtte han den danskfødde lærarinna Maria Bertelsen, som han gifte seg med sommaren 1895. Same året flytte dei til Voss, og her hadde Alvestad heimen sin til han døydde.

Hausten 1895 skipa han Voss Folkehøgskule saman med Lars Eskeland. Skulen opna 1. oktober, med Alvestad og Eskeland som styrarar. Alvestad gjekk av som styrar 1899, men heldt fram som lærar ved skulen til 1902. Han hadde lenge hatt interesse for bladarbeid, og hausten 1896 kjøpte han bladet Hordaland på Voss saman med Lorentz Nybø. Alvestad styrte bladet så lenge han levde (enkja dreiv det vidare til 1907), og han gjorde det til eit av dei beste lokalblada i landet.

Det Alvestad likevel først og fremst vil bli hugsa for, er Norsk Songbok for ungdomsskular og ungdomslag, som kom ut i september 1898. Boka var på 356 sider og inneheldt 528 songar. Av dei var 241 (om lag 45 %) på nynorsk. Boka vart godt motteken og vart etter kvart den mest brukte songboka i folkehøgskulen. I dei frilyndte ungdomslaga var òg boka mykje utbreidd, saman med Sven Morens Norsk Songbok (1907).

I åra frametter kom Alvestads songbok i ei rekkje utgåver og opplag. Han fekk sjølv berre stå for to av desse utgåvene (1898 og 1902). Fram til 1926 var boka komen i eit opplag på 137 000. 1927 vart boka revidert av ei nemnd (Bernt Theodor Anker, Martin Birkeland og Ingvald Forfang). Boka bar Alvestads namn fram til 1976; sidan har ho heitt Norsk songbok.

1905, to år etter at Alvestad døydde, kom Tonesamling til "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag". Alvestad hadde sjølv samla dei "347 gamle og nye lundar" som samlinga inneheldt, og føreordet er dagsett mars 1903. Tonesamlinga kom i nye utgåver 1913 og 1922. 1930 gav Ingvald Forfang ut eit tillegg til tonesamlinga.

Olaus Alvestad vart sjuk av tæring hausten 1901, og døydde to år seinare. Alle dei tre borna han og Maria fekk saman, døydde òg av same sjukdomen. 1906 vart det avduka minnesteinar på grava hans på Voss og på heimgarden i Haram.

Verker
Norsk Songbok for ungdomsskular og ungdomslag, 1898 (2. utg. 1902)
Tonesamling til "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag" ved Olaus Alvestad. 347 gamle og nye lundar samla og utgjevne ved Olaus Alvestad, 1905
Kilder og litteratur
Nekrologar i BTid. 14.10.1903 og Unglyden 22.10.1903
L. Bru: "Olaus Alvestad", i Varden 19.10.1903
L. Eskeland: "Olaus Alvestad", i Symra 5.11. og 12.11.1903
d.s.: "Olaus Alvestad", i Voss Folkehøgskule 1895\endash 1915, 1915, s. 51\endash 55
I. Grøvik: "Olaus Alvestad (1866\endash 1903). Ein av føregangsmennene i norsk folkehøgskule", i Jul på Sunnmøre 1973, s. 31\endash 34
E. Ullestad: "Marie Alvestad-Haakonsson [1872\endash 1952]", i Gamalt frå Voss 24, Voss 1992, s. 143\endash 46
H. B. Haram: "Olaus Alvestad \endash folkeopplysningsmann og kulturspreiar", i Sunnmørsposten 17.9.1998
Portretter m.m.
Fotografiske portrett
Portrett av Alvestad i sjukesenga hausten 1902, ukjend fotograf; trykt i L. Eskeland: Voss Folkehøgskule 1895\endash 1915, s. 54


Olaus giftet seg med Maria Bertelsen i 1895 i Danmark. (Maria Bertelsen ble født den 4 Apr 1872 i Danmark og døde den 11 Feb 1952 i Voss, Hordaland.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia