Karl Ingebrigt Rasmussen Hovden
(1815-1877)
Johanne Andersdotter Velle
(1818-1898)
Anders Karlsen Hovden
(1860-1943)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Lina Marie Olsdatter Devold

Anders Karlsen Hovden

  • Født: 13 Apr 1860, Hovden, Ørsta
  • Ekteskap: Lina Marie Olsdatter Devold den 26 Aug 1891 i Ålesund Kyrkje, Ålesund
  • Død: 26 Nov 1943, Aker, Oslo 83 år gammel

  Generelle notater:

Anders Hovden (Wiki)

Anders Karlson Hovden (født 6. april 1860 i Ørsta, død 1943) var en norsk forfatter og prest. Han skrev på nynorsk.

Hovden ble cand. theol. 1886, virket en tid som lærer, og var fra 1891 prest, i Vanse, Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Han debuterte ved midten av 1890-årene med et par diktsamlinger. Med samlingen Tungalda (1897) vakte han oppmerksomhet i vide kretser, og med diktsyklusen Bonden (1901) slo han helt igjennom. Han var en av de største bidragsyterne til Nynorsk salmebok (1925), som inneholdt 128 av hans salmer. En av de mest kjente er .


Anders Hovden (SNL)

Forfatter: Hans H. Skei

Anders Hovden, født 1860, død 1943, født i Ørsta, norsk forfatter og prest; cand.theol. 1886, virket senere i Vanse, Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Hovden var en ivrig talsmann for målsak og for frilynt ungdomsarbeid. Med sin vinnende personlighet og sin positive livsholdning var han en elsket predikant og folketaler. Som forfatter gav han ut en rekke romaner og diktsamlinger, med utgangspunkt i det landskap og liv han kjente fra oppveksten. Romanene Odd (1896) og Gate og grend (1905) gir selvopplevde inntrykk fra en bondestudents liv. Erindringsboken Attersyn (1926 og 1943) gir verdifulle tidsbilder.

Hovden gav ut en rekke diktsamlinger fra debuten med Sunnmøringen (1894) til Kornmo (1941). Dikt som og salmen hører til det kjæreste og mest kjente i norsk bokheim; den siste er fra samlingen Solhòv (1907). Hovden er en av våre betydeligste salmediktere, og bidrog med ca. 200 egne og gjendiktede salmer til Nynorsk salmebok (1925). Diktergasje fra 1931.


Anders Hovden \endash utdypning (NBL-artikkel)

Forfatter: Hallgeir Elstad

Anders Hovden, født 13. april 1860, fødested Ørsta, Møre og Romsdal, død 26. november 1943, dødssted Aker (nå Oslo), urna nedsett på Ørsta kyrkjegard. Prest og diktar. Foreldre: Gardbrukar og fiskar Karl Ingebrigt Rasmussen Hovden (1815\endash 77) og Johanne Andersdotter Velle (1818\endash 98). Gift 1) 26.8.1891 i Ålesund med Lina Marie Devold (2.8.1865\endash 4.7.1895), dotter til fabrikkeigar Ole Andreas Devold (1827\endash 92) og Andrea Jakobine Karoline Landmark (1825\endash 72); 2) 5.3.1897 i Drammen med Kari Huglen (5.3.1879\endash 27.10.1963), dotter til klokkar Hans Huglen (1850\endash 1936) og Johanne Marie Fotland (1848\endash 1907).

Anders Hovden var prest ulike stadar i Noreg i nesten 40 år. Han var ein høvdingskikkelse og kjend folketalar, men mest kjend er han som salmediktar og fornyar av den norske salmetradisjonen.

Hovden voks opp i Ørsta på Sunnmøre. Det harde strevet for dagleg brød som han var vitne til i oppveksten sin, gjorde at han fekk stor respekt for livet til fiskarbøndene. Heimbygda, naturen og folket der kom til å bli ei viktig inspirasjonskjelde for hans seinare dikting. 1875\endash 77 gjekk han på lærarseminaret i Volda, og deretter las han til examen artium. Han vart student 1881, tok til å studere teologi og vart cand.theol. 1886 med praktisk-teologisk eksamen 1888. Som student i Kristiania levde han i tronge økonomiske kår, men Ivar Aasen, som var farens ungdomsven, gav han pengar så han greidde seg. Hovden høyrde med til den radikale studentflokken, og han møtte både Garborg og Bjørnson. Han vart venstremann, målmann og ein ivrig nasjonalist, og han tileigna seg ein kulturopen og frilyndt kristendom.

Etter embetseksamen var han først lærar ved lærarskulen på Elverum, så huslærar i Stockholm og reiseprest på Sunnmøre. Si første prestestilling fekk han 1891, då han vart utnemnd til kallskapellan i Vanse og Farsund. Etter 7 år der var han stiftskapellan i Kristiania stift 1898\endash 1902, residerande kapellan i Krødsherad 1902\endash 09, så sokneprest i Melhus 1910\endash 19 og til slutt sokneprest på Østre Toten frå 1919 til han fall for aldersgrensa 1930.

Det var som prest på Lista at Hovden for alvor tok til å skrive. Første forteljinga gav han ut 1893 \endash under pseudonym. Til saman gav han ut 11 prosaforteljingar. Han fortel om kvardagslivet hos fiskarbonden på Vestlandet. Havet står sentralt i alt han skreiv. Forteljingane Odd (1896) og Gate og Grend (1905) har eit tydeleg sjølvbiografisk innhald som ligg nær opp til hans sjølvbiografiske skildringar i Attersyn (1926). Hovden gav òg ut 16 diktsamlingar, frå Sunnmøringen (1894) til Kornmo (1941). Gjennombrotet kom med Tungalda (1897). Mykje av tematikken i dikta er den same som i forteljingane.

Mest kjend er Hovden som salmediktar. I alt dikta han om lag 250 salmar, alle på nynorsk. Han gav ut fire salmesamlingar i åra 1905\endash 39: Salme og Song, Vert ljos!, Salmar og Postludium. Salmane til Hovden var ein del av ei brei fornyingsrørsle av salmediktinga i Noreg som hadde starta med Blix-salmane. Salmane hans er prega av naturpoesi og nasjonalreligiøsitet. Ein av dei mest kjende, Fagert er landet, vart til under ein skitur ein herleg vinterkveld i Krødsherad 1907, og han vart snart ein sentral 17. mai-salme.

Som salmediktar har Hovden vorte karakterisert som "meir kunstnar enn teolog". Salmane er kjenneteikna av ein mangfaldig biletbruk, og bileta er ofte tekne frå heimemiljøet der vest, frå kvardagslivet til menneske i arbeid på sjøen og på jorda. Mange biletlege uttrykk er også henta frå naturen. I salmane formidlar han ein folkeleg og livsnær kristendom, og han teiknar bilete av ein kjærleg og nådig Gud som møter menneska med ei open "faderfamn". Men også livsalvoret, slitet for dagleg brød og døden, kjem tydeleg til uttrykk i det han skreiv.

I åra 1915\endash 18 var Hovden med i komiteen som reviderte Landstads salmebok. Etter oppmoding frå Det norske Samlaget arbeidde han og biskopane Peter Hognestad og Bernt Støylen ut Nynorsk salmebok, som vart godkjend til kyrkjebruk 1925. Meir enn ein femtepart av salmane der var av Hovden, 128 originale og 81 omsette. Norsk salmebok og tillegget Salmer 1997 som blir brukt i dag, inneheld 22 av Hovdens eigne salmar og 17 omsetjingar.

Hovden gjorde eit stort arbeid for den frilyndte ungdomsrørsla. Han tala ved stemner over heile landet, og den sentrale bodskapen i det han ønskte å formidle, var striden for målsaka: "Heimatt til far og heimatt til mor og heimatt til fedraland!" For Hovden vart målsaka eit spørsmål om å vende heim til fedrelandet og til Gud. Ved Olavsjubileet 1930 heldt han foredrag i Nidarosdomen, og dette var nok eit høgdepunkt for han som talar og forkynnar.

Anders Hovden gjorde fleire utanlandsreiser, m.a. til USA, og 1913 avduka han eit Ivar Aasen-monument i Moorhead, Minnesota. 1931, året etter han tok avskil som prest, fekk Hovden diktarløn av Stortinget. Dei siste åra budde han på Nordstrand ved Oslo, og der døydde han 1943. Året etter vart urna hans nedsett i grava til faren på Ørsta kyrkjegard.

  Fødselsnotater:

Artikkel på Wiki sei at han er fødd 6 april 1860.


Anders giftet seg med Lina Marie Olsdatter Devold, datter av Ole Andreas Nielsen Devold og Andrea Jacobine Caroline Landmark, den 26 Aug 1891 i Ålesund Kyrkje, Ålesund. (Lina Marie Olsdatter Devold ble født den 1 Aug 1865 i Borgund, Ålesund, døde den 4 Jul 1895 og ble begravet den 9 Jul 1895 på Nordre Gravlund, Ålesund.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia