Ole Samundsen Røsvik
(1705-1755)
Ragnhild Olsdatter Blindheim
(1707-1732)
Ole Knutsen Nogva
(1684-1713)
Randi Gundersdatter Roald
(1683-1766)
Elling Olsen Røsvik
(1731-1814)
Anne Olsdatter Roald
(1710-1785)
Gjertrud Ellingdatter Roald
(1752-1813)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Niels Gundersen Myklebust

Gjertrud Ellingdatter Roald

  • Født: 1752, Haug 1/10, Roald, Vigra, Giske
  • Ekteskap: Niels Gundersen Myklebust i 1793 i Roald kyrkje, Vigra, Giske
  • Død: 6 Jul 1813, Haug 1/10, Roald, Vigra, Giske 61 år gammel

  Generelle notater:

Det heiter seg at Haug, eller Kråkhaugen, som garden vart kalla då han låg i området til Bakkely br. 52 før utskiftinga, vart kjøpt for ei tønne tran, og det er delvis rett med omsyn til det først kjøpte halve bruket. Gjertrud og Anders i Marke var søskenbarn, då fedrane Ole og Jakob var halvbrør frå Jakob i Røsvika. Det var Anders som ordna nye brenntorv teiger til Roalds-folket, då dei gamle teigane nesten var oppbrukte, det meste ved vekkøyring til heimebøane, der myra vart blanda med fiskeslo til gjødsel. I 1808-1809 gav Anders eit hint til Gjertrud om at no var det rette tida å kjøpe bruket, då han etter ei Bergens-ferd hadde fått nyss om at dei dansk-norske pengane snart ville misse verdien sin, og om ikkje ho kjøpte bruket, så gjorde han det. Gjcrtrud var då nyleg enke for tredje gong, og fann seg ikkje råd til dct. Etter at Anders hadde fått bruket billeg på auksjon, tilbaud han Gjertrud det, og meintc ho burde låne kjøpesummen av dattra Anne i Bjømgarden på Molnes, der det var velstand då. Ho så gjorde, og det slo til at i 1810-1811 vart papirpengane nesten verdilause, men då vart det også storfiske av sei med sekkenot i Vigrafjorden, og på notparten til Gjertrud vart det så stor fangst at åleine av den seilever som ho fekk, blei det ei heil tønne tran, og berre den innbrakte så mange papirpenger at det dekte lånet. Kanskje var det dette fisket som også gav sonen Gunder høve til å løyse ut resten av garden i 1811. Gunder vart formann for Vigra i Harams formannskap ved starten i 1836, og han vart setande fleire perioder. Frå 57 til 73 var sonen Nils innvald. Gunder var også kyrkjeverge på Vigra.


Gjertrud giftet seg med Niels Gundersen Myklebust, sønn av Gunder Rasmussen Myklebust og Lisbeth (Elisabet) Olsdatter Fjørtoft, i 1793 i Roald kyrkje, Vigra, Giske. (Niels Gundersen Myklebust ble født den 21 Apr 1771 på Myklebust, Harøy, Sandøy og døde den 1 Mai 1807 på Haug 1/10, Roald, Vigra, Giske.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia