Anders Anderssen Åsen
(1748-1834)
Anne Olsdatter Nerljøen
(1762-1819)
Ole Larsen Hellesylt
(1752-1818)
Gjøri (Guri) Larsdatter Langeland
(1751-1801)
Anders Andersson Åsen
(1785-1855)
Marte Olsdatter Hellesylt
(1786-1850)
Ole Anderssen Åsen
(1813-1885)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Tomasine Olsdatter Korsbrekke

Ole Anderssen Åsen

  • Født: 1813, Andersbruket, Åsen, Stranda
  • Ekteskap: Tomasine Olsdatter Korsbrekke den 20 Jun 1841 i Sunnylven Kyrkje, Hellesylt, Stranda
  • Død: 13 Nov 1885, Andersbruket, Åsen, Stranda 72 år gammel

  Generelle notater:

Mottatt frå Tor Myklebust på mail 15.04.2007

Garden Åsen ligg på eit høgdedrag ca 200 m.o.h. ovanfor Korsbrekke. Truleg har garden opphaveleg vore ein del av Korsbrekke. Åsen er tidvis på 1600-talet kalla for Korsbrekkeåsen. I seinare tid er det bygd køyreveg fram til garden, men tidlegare måtte ein gå frå Korsbrekke og oppetter berga.

Tidleg på 1600-talet var her to brukarar som delte garden mellom seg. Det ser ut som bøndene var bygselmenn på den tida. Den første sjølveigaren eg har funne er Ole Ingebrigtson som er nemnd frå ca 1640 og utetter. Der er ting som tyder på at han var son til lensmann Ingebrigt Pederson Stadheim. Ole sat på inste halvparten av garden og vart etterfølgd av ein Anders Andersson. Anders er nemnd som odelsmann så truleg har han vore gift med ei dotter til Ole. Han kan også ha vore son til Anders Monsson Hellebostad og dermed soneson til Mons Hellebostad som truleg åtte Åsen tidlegare. Dette vart starten på ei lang rekke med Anders Andersson'ar på Andersbruket. I 1841 vart bruket så delt mellom to brør der den eine var Ole Andersson, far til Maren Olave. Maren var altså av gammal Åsen-ætt.

Ole Andersson Åsen vart gift i 1841 med Tommesine Olsdtr Korsbrekke. Då hadde dei allereie dottera Marthe Petrine som var fødd i 1840. Ho vart gift med Peder Larsson Korsbrekke og flytta dit. Ho døydde i 1890. I 1842 fekk dei ei dotter Anne som berre levde i tre månader. Dernest kom Ragnhild i 1843. Ho vart gift med Hans Petterson Nesvik frå Skodje og flytta til Trondheim. Den fjerde i rekka var vår Maren Olave i 1846 og etter henne kom Oleanna i 1848. Ho vart gift med Peter Elias Rasmusson Korsbrekke og budde først i Kurla på Åseneset. Ho vart tidleg enkje og flytta til Ålesund. Etter fem jenter kom første guten, Anders, i 1850. Han vart heimedøypt av faren men levde berre i 10 dagar. Siste jenta, Johanne Marie, vart fødd i 1852 og vart gift med Lars Rasmusson Vollset. Dei budde i ei lita stove på Hellesylt. Johanne døydde i 1952 og vart såleis 100 år. Endeleg kom odelsguten i 1854. Han fekk namnet Andreas og vart gift med Brit Steffensdtr Hole. Han døydde i 1940. Tilslutt kom to gutar, Ole Martinus i 1856 og Ole Gabriel i 1859. Begge må ha flytta frå Sunnylven. I 1875 er Ole Gabriel bakardreng i Ålesund og det er truleg han vi finn som slaktar Ole G. Olsen i Trondheim tidleg på 1900-talet.

Ole Andersson Åsen døydde i 1885 og kona Tommesine nyttårskvelden 1900.

  Hendelser i hans liv:

• Yrke: Bonde på Andersbruket.


Ole giftet seg med Tomasine Olsdatter Korsbrekke, datter av Ole Olsson Korsbrekke og Ragnhild Larsdatter Maråk, den 20 Jun 1841 i Sunnylven Kyrkje, Hellesylt, Stranda. (Tomasine Olsdatter Korsbrekke ble født i 1817 på Jobruket, Frøysa, Stranda og døde den 31 Des 1900 på Andersbruket, Åsen, Stranda.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia