Ole Olsen Hoft
(Ca. 1640-1717)
Ragnhild Torgeirsdatter Hoft
(-Etter 1720)
Brit Olsdatter Hoft
(1687-1752)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Lars Larsen Maråk

Brit Olsdatter Hoft

  • Født: 1687, Bøverdal, Oppland
  • Ekteskap: Lars Larsen Maråk
  • Død: 1752, Maråk, Geiranger, Stranda 65 år gammel

  Generelle notater:

Der står følgjande under bnr. 1 - Ellendgarden på Maråk (s. 497-498):

1673. Lars Larsson fekk skøyte. Kona var Brit Olsdotter Hoft, Bøverdalen.(Namnet hennar er under skiftet på Hoft 1717 skrive Berthe Olufsdatter.) Korleis det gjekk til at Lars blei gift med Brit Hoft, fortel denne segna: Lars fekk i ein draum sjå den han skulle bli gift med. Han såg og tydeleg korleis husa ho var frå såg ut. Han fekk ikkje fred anna han måtte av garde og leite opp jenta, og tok i veg opp til Skjåk og Lom. Han såg ingen gard lik den han hadde sett i draumen, før han kom opp i Bøverdalen, til Hoft. Her gjekk han då inn og trefte rett nok ei jente, Live heitte ho, ho var så pass lik draumjenta at han snakka fram på om ekteskap. Ho sa tvert nei, men la til at han fekk tale med ho Brit. Lars fekk vite at Brit var på setra, og la så i veg dit. Der, mellom mange seterdeier, såg han endeleg den rette, gjekk med ein gong bort til henne og helste som dei skulle vore kjenningar. Trulova vart dei, og ho skulle vere med og sjå seg om på Maråk. Då dei kom så langt at ho såg ned i Geiranger, vart ho så tung i brystet at ho sette seg på ein stein og song desse versa:

O Jesu fromme, min alsomstørste Roe Lad mig ei komme i Mørkets Hus at Boe. Løs du min Våde, og før mig med dig hjem. Hjelp af din Nåde at jeg kan komme frem Til dit det gode og ny' Jerusalem.

Der da at blifve hos dig til ævig Tid i Fryd og Ære hos alle Engle blid. Lad mig få føre mit Lif i denne Dal At jeg kan høre du venlig sige skal: Kom du, min kiære, med mig ind i min Sal.

Brit vart ei dugande kone på Maråk. - Det fortelst at når opplendingar kom til Maråk og henta salt, fisk og anna, brukte Brit setje seg i høgsætet, såg fin ut og hadde føre seg fint arbeid. Lars døydde 1740, 60 år g., og Brit vart gift att med Peder Hansson Ringstad. Brit døydde 1752, 65 år g., og Peder Ringstad flytta då ut att på Stranda. - Det er skifte etter Brit same året. I buet var ein sølvtumlung merkt P.O.H.L.

Borna var: 1. Lars som var død. Born: a) Lars, 14 år g., Ingeborg, 11 år g. - 2. Ole, budde på Vigen i Nordfjord. Det er sikkert han som Aaland nemner under Lindvik, bnr. 1. - 3. Sølfest, 28 år g. - 4. Nikolajus, 25 år g., vart g.m. Anne L. Hole. - 5. Ragnhild, g.m. 1. Haamund Lasseson Flo, sat på bnr. 1, N. Flo. g.m. 2. Bendik Kolbeinsson Flo. - 6. Anne, g.m. Peder O. Mindresunde. - 7. Synnøve, g.m. Knut Olsson Maråk. Knut var frå Gjørva.


Brit giftet seg med Lars Larsen Maråk, sønn av Lars Sylvestersen Maråk og Synnøve Rasmusdatter Nerljøen. (Lars Larsen Maråk ble født i 1680 på Maråk, Geiranger, Stranda og døde i 1740 på Maråk, Geiranger, Stranda.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia