Peder Holck
(-Omkr 1521)
Ukjent Kone Peder Holck
Sigurd Pedersen Holck
(-Omkr 1572)
Ukjent Kone Sigurd Holck
Christoffer Sigurdsen Holck
(-1589)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Synnøve Arnfinnsdatter Soop

Christoffer Sigurdsen Holck

  • Født: Skogn, Nord Trøndelag
  • Ekteskap: Synnøve Arnfinnsdatter Soop
  • Død: 1589, Skogn, Nord Trøndelag

  Generelle notater:

Christoffer stamma ifrå adelsslekta Holck.
Christopher Sigurdssøn. Død omkring 1588[1]. Immatrikulert ved Rostocks universitet 1561, kannik i Trondhjem og sogneprest til Skogn efter broren 1578, levet endnu 1586, men døde kort efter, ca. 1588.[1] Da Hr. Mikkel døydde, vart bror hans, Hr. Christopher, prest i Skogn. Også han hadde studert i Rostock, der han vart innskriven ved universitetet i 1561. Da han kom heim att, var han prest i Beitstad i 10 år; vi kjenner til ein sokneprest der med namnet Christopher Sigvardi i åra 1565-1575. Deretter var han visst på Frosta i tre år. Samstundes hadde han underhald frå ei præbende, men denne måtte han gje frå seg i september 1578, etter at han ved kongebrev av 8. august same året hadde fått St. Olavs præbende, som den avlidne bror hans hadde hatt. Hr. Christopher døydde visstnok i 1585. Raphael Lund skriv såleis om han i presterekka si: "Anno 1585. Hr. Christopher Sigvardi. Om minnet hans fortel den store klokka i Alstahaug-kyrkja." Denne klokka har ei innskrift som lyder slik: "Mortem præsento. Plebem voco. Congrego clerum campana. Memor esto tui morituri viator. D: Christophorus Sigvardi 1581." Omsett: "Eg kunngjer døden. Eg kallar på folket. Eg klokka, samlar presteskapet. Vandringsmann, hugs at du skal døy. Hr. Christopher Sigvardi 1581." Etter dette har da Hr. Christopher kjøpt inn den store klokka i 1581. Den minste klokka er mykje eldre enn som så. Ho har ei innskrift som er kryptisk (laga med løynde teikn) og kan godt vera like gamal som sjølve steinkyrkja. Hr. Christopher har også sytt for andre eigneluter til kyrkja. I 1580 hadde reformasjonsverket komi så langt at det vart slutt på dei store kyrkjefestane i domkyrkja i Trondheim. Heretter skulle også denne kyrkja vera som ei vanleg soknekyrkje. Så tok dei til å selje alle dei dyrverdige presteklæda som fanst der. Det vart ført rekneskap over salet, og to notisar lyder slik: "Anno 1580 vart det selt ein messehakel til Hr. Christopher i Skogn. Den var av grøn silke med ein raud kross, men litt sundsliten. Like eins ein messe hakel av grovt gyllenstykke med ein svart kross, alt for 5 dalar." "Anno 1581 kjøpte Hr. Christopher i Skogn ein gamal og sundsliten messehakel av grøn silke. Like eins ein blå ein med svart kross. Den siste var sundriven."

  Hendelser i hans liv:

• Yrke: Prest i Skogn,N-Trøndelag.


Christoffer giftet seg med Synnøve Arnfinnsdatter Soop, datter av Arnfinn Anderssen Soop og Ukjent Kone Arnfinn Anderssen Soop. (Synnøve Arnfinnsdatter Soop ble født i Sogn, Sogn og Fjordane og døde før 1617 i Skogn, Nord Trøndelag.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia