Henning Martin Christophersen Abelseth
(1723-1774)
Margrete Marie Nagel
(-1793)
Hans Thiis Nagel Abelset
(1755-1795)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Siri Larsdatter Stige

Hans Thiis Nagel Abelset

  • Født: 1755, Haram, Møre og Romsdal
  • Ugift: Siri Larsdatter Stige
  • Død: 1795, Søvik, Haram 40 år gammel

  Generelle notater:

Hans og Siri var ikkje gift. Men dotter deira var lyst i "Kuld og kjønn" og arva alt etter han.

Internett: http://www.soga.no/bjodale/artiklar/mechlenb.htm

STUDENTEN, TAUSA OG GULLUNGEN
Opphav til Mechlenburg'ar, Friis'ar og andre fine ålesundsborgarar

av Bjørn Jonson Dale

Ein klisjé, men stundom sann for det: Det virkelige kan overgå fantasien. Sandemo eller Wassmo kunne nok ha kokt ihop den soga eg legg fram her, og derfor må eg skrive "det er heilt sant!" - eventyret er virkelig...

Hans Thiis Nagel Abelset (1755-95) var presteson fra Haram og soneson av Sunnmøres rikaste mann, storborgaren og godseigaren Christopher Abelset på Apalset i Ørskog. 1775 blei Hans student fra Seminarum Fredricanum i Bergen og tok samme året over største bruket i Søvik i Borgund på 15 mællag, nær 4 våger fisk, som hadde vore sete for storfolk like sidan 1500-tallet. I staden for å fare vidare og ut i verda, til København, for studenten heim til Sunnmøre - til storgarden Søvik.

Proprietær og rentenist

Studenten var sjølsagt ikkje bonde, men proprietær og rentenist; han eigde mykje jord utanom Søvik, meir enn nok til at han klarte seg utan å gjøre det slag. Og lite gjorde han - t.d var han ikkje kar om å få seg kone, noke som var nærast skandaløst då.

Han treng ikkje ha vore homofil; ei slik legning hindra ingen i å gifte seg på ei tid då ekteskapet ikkje var noke "val" men ei "plikt" (slik det i grunnen han vore opp til vår tid: dei fleste homofile har vore gifte). Studenten var nok heller ikkje bare ein som "blømte" seinare enn andre.

Ufrivillig ungkar?

Eg gjettar derfor på at han hadde eit alvorlig lyte, såpass stygt at sjøl ikkje fattige kvinner av hans eigen stand - borgar- og embetsstanden - ville ha han, eller noke med han å gjøre.

Kanskje hadde han lepra, "spitalsjuka", som særlig mange sunnmøringar leid av då? Vi veit at denne sjuka, ulikt mange andre alvorlige sjkdommar, også ramma folk av den fornemme standen. I så fall såg studenten ikkje ut, og lukta ikkje godt heller...

Og Hans Thiis Nagel Abelset døde etter måten ung, 40 år gammal, for ein mann av hans stand, og dauden må ha komme som følge av ein sjukdom som han visste var dødelig; omstenda kring testamentutferdinga hans ser ut til å stadfeste dette.

Ein livsarving likevel

Om han ikkje fikk seg kone, klarte Hans Thiis Nagel Abelset i alle fall å knytte til seg ei kvinne som stelte med og for han - på så mange vis, kom det for ein dag då ho fødde han ei datter 1792. Og då studenten sjøl låg for dauden 3 år seinare skreiv han testament til fordel for frilledatra - i ein fei:

11. april 1795, då han låg for dauden, sette han opp testamentet sitt, der hushalderska Siri Larsdatter Stige si datter Anna Laurentze blei gjort til einearving. Bare ei uke seinare, 18. april, blei det halde skifte i og auksjon over buet hans. 5 dagar seinare, 23. april 1795, blei den 40 år gamle studenten gravlagt ved Borgund kirke.

"Fru" Siri i Søvik

Siri fra Stige i Engesetdalen var fødd kring 1754, og var såleis ikkje noka ungmøy då ho fødde første gangen 1792; stundom fødde likevel slike pepparmøyar grensande til tausakjerring barn. Siri fikk jamvel det ein med rette må kalle ein gullunge.

På nokre få år etter 1795 blei storgarden Søvik invadert av folk fra Engesetdalen, Siri sine søsken og slektningar. Ho satt vel som ei dronning i det flotte, herrelause våningshuset (som seinare blei flytta til Kirkegata)...

Hadde Siri vore ei vanlig enke, ville friarane ha stått i kø - ho var trass i alt ikkje meir enn vel førti år gammal, og dette på ei tid då unge menn fridde både til 50, 60 og jamvel 70 år gamle enker, og fikk ja!

Vi veit ikkje om noken fridde, gift blei ho i alle fall ikkje, og dette styrkar tanken om at ho hadde hatt omgang med ein mann som bar på ei frykta smitte.

Gullungen

Anna Laurentze, som etterkvart opptrådde med det svært fornemme og tradisjonsrike namnet Abelset, var utan tvil rikaste ungen på Sunnmøre då. Ho hadde snautt 4060 daler i rein formue, ein nær ufattelig rikdom på ei tid då borgarane gikk konkurs i eininga, særlig då krigen tok til 1807.

Mange nyfattige men velfornemme menn må ha tenkt seg jomfru Anna Laurentze Abelset som make, og ein kan lett å sjå for seg svermen av unge "monsieur"-ar som strøymte til Søvika for å gjøre hosene sin grønne for jomfru Abelset.

Juveléren og jomfrua

Som 17-åring blei Anna Laurentze Abelset trulova, og året etter, 1810, gift. Ho var 4-5 år yngre enn borgarbruder flest, men "fru" Siri såg vel ingen grunn til å vente då den høgætta, velutdanna, vidfarne og, ikkje minst, velnemnde borgarsonen Henrik Holtermann Mechlenburg fra Vegsund kom på friarføtter til Søvika.

Mechlenburg var utdanna juvelér, men gullsmed først; vi veit ikkje kor han gikk i gullsmedlære, men han må ha vore i utlandet for å bli juvelér. Han var neppe rik, men likevel eit svært "godt parti": han var av Sunnmøre sine beste ætter både på morssida og farssida, og dei mange søskena hans kom så å seie til å "halde standen" gjennom like fornemme eller lukrative ekteskap.

Proprietær og sildefiskar

Det unge ekteparet - ho 18, han 26 - gikk straks i gang med å lage barn, og i dei snaue 6 åra ekteskapet varte fikk dei i alt 5, som alle vaks opp.

Gullsmed- og juvelérfaget må Mechlenburg ha lagt på hylla, for vi finn ikkje far etter slik produksjon fra hans hender. Derimot ser vi at han må ha vore ein driftig godsstyrar, "gardbrukar" og jamvel "fiskar". Heile tida hans må ha gått med til å forvalte kona si digre formue, og hans eiga, trulig mykje mindre.

Bare 32 år gammal omkom den fornemme juveléren og fembarnsfaren Henrik Holtermann Mechlenburg (1784-1816) - under sildefiske på Søvika! Dei to yngste barna hans, eit tvillingpar fødd 1816, rakk aldri å få eit glimt av denne spennande og arbeidssame faren.

Ung enke, yngre mann

Anna Laurentze Abelset var snautt fylt 24 år då ho mista mannen. Den unge fembarnsmora søkte om å få sitte i uskifta bu, som ho fikk, men allereie året etter, 1817 - 25 år gammal - gikk ho inn i eit nytt ekteskap, med den 3 år yngre Hans Wingaard Friis, ein borgarson fra gamle Sandshamn (Støylehamn) i Sande.

Skiftet etter førstemannen, Mechlenburg, blei halde 1819, og buet var då godt for over 6000 daler netto - noke som provar at Mechlenburg hadde forvalta formua svært godt.

Hans Wingaard Friis var ikkje mindre høgætta enn førstemannen hennar - med opphav i mektige romsdalsætter; han var nok nokre hakk fattigare enn Mechlenburg, men ikkje særlig meir langliva: 38 år gammal omkom også Friis - han drukna ved Søvika 1833...

Nibarnsmor og andregangs enke

Anna Laurentze Abelset var neppe fylt 41 då ho mista andre mannen sin. Ho hadde 5 barn med førstemannen og 4 med Friis; også Friis-barna kom til å leve opp, og å sette preg på Ålesund - ikkje bare gjennom eigne liv og virke, men også gjennom produksjon av store mengdar etterkommarar i byen.

Enkemadam - fra Søvik til Ålesund

Ein må vere mor for å forstå kor fint det er å sjå ein søskenflokk på 9 vekse opp, og klare seg, jamvel utan ein far, eller her: fedre, til stades.

Anna Laurentze Abelset dreiv neppe med daglig stell, bleieskift og mating av ungane - til dét var ho for rik - men ho var likevel mora deira; trulig amma ho dei då dei var spebarn, og fra ho var 41-42 år gammal må vi rekne med at ho "levde" for barna sine, som då var fra 23 til 2 år gamle.

1844 blei det digre herskapshuset i Søvik demontert og flytta til Ålesund, og gjenoppført i Kirkegata (sidan kjent som "Mikkelborggården"). Då må vi rekne med at "enkemadam Friis", då 52 år gammal, følgte med på lasset.

Fullt liv i Kirkegata

Storhuset fra Søvik blei oppført på den tomta som 1858 fikk husnummer 257 i kjøpstaden Ålesund, "Hans Mechlenburgs Vaanehuus", dvs huset til handelsborgar Hans Jacob Hiort Mechlenburg (1811-), eldste sonen til Anna Laurentze Abelset; ho budde enno i huset 1865, då som "Huusmoder" og "Rentenist" i lag med den ugifte datra Hanne Sofie Mechlenburg (1815-*1865) og ei ung tenestetaus fra Søvik, Georgine Hansdt på 20 år. Anna Laurentze var då kring 73 år gammal, men ho levde enno 6 år og døde 1871.

1865 var "Mikkelborggården" i eiga til "Hotelvert" Johan Berent Stickve Sivertsen (1811-86) fra Bergen, som var gift med Johanne Hellebartine (!) Friis (1820-*1865), Anna Laurentze sitt eldste barn i andre ekteskapet.

Johanne Friis hadde først vore gift med skipper Nils Lepsøe i Bergen, og hadde med han sonen Henrik Lepsøe (1842-1907), som 1865 var styrmann og budde hos mora i Ålesund, og 7 yngre halvsøsken. Henrik Lepsøe endte sine dagar på sjøen, som skipskaptein og far til heile 9 barn.

TORNEROSEBYEN ÅLESUND

Midt på 1700-tallet var Ålesund eit blømande bysamfunn på linje med kjøpstadane Molde og Christianssund (i alle fall ikkje mindre enn Molde!), men kring 1800 var denne byspiren bare ein skygge av seg sjøl: 10-12 fullt utbygde borgarsete eller kjøpmannshus sto enno, men for det meste tomme.

Fra 1807 og utetter kom nokre av disse borgarseta atter i bruk (Brunholmen, Lorkeneset, Steinvågneset, Korsen, Hella), men mange sto enno lenge tomme. I 1820-åra blei det så drift igjen på alle dei gamle borgarseta (som Skutvika, Buholmsundet, Steinvågen og Grimmergård), slik at Ålesund atter sto fram i glansen fra 1750-åra. Fra denne tida skjedde så noke merkverdig: Ei lang rekke av det vi kan kalle borgar-, jordeigar- og jamvel embetsmannssete blei flytta, reint fysisk, til Ålesund. Dette gjaldt t.d "herregarden" i Søvika (til Kirkegata), Borgargarden på Gamlem (til Buholmsundet), borgarseta på t.d Kriksholmen i Herøy (til Einarvika), Tyskholmen (til Stødeneset), Hareidstrand (til Skutvika), Brandal (til Kirkegata) - ja, lista blir lang om ein skal rekne opp alle disse store "anlegga" som fysisk blei flytta til Ålesund 1820-60.

Det mest iaugefallande var kanskje flyttinga av herregardshusa på Giske (til Brunholmen) i 1830-åra; mindre påakta, men viktig nok, var vel "ålmugen" si tilsvarande husflytting til Ålesund på denne tida...

Klubb og kjeglebane

Ålesundaren, skipskapteinsonen og holbergeksperten, adjunkt Viljam Olsvig (fødd 100 meter lenger oppe i Kirkegata) skreiv i 1930-åra om "Mikkelborggården" kring 1865:

"Huset var nu overtatt av en svigersønn, Sivertsen, som i kjellerbutikken fortsatte forretningen med vin og spirituosa. I tredje etasje var byens handelsforening eller klubben. I en bakbygning på gårdsplassen var et biljardrum og byens keglebane, bak denne en have med lysthus (et sådant må forutsettes på alle litt større havestykker).

Sivertsen hadde vært borgerkaptein i Bergens borgerbevebning og endel år drevet handel på Faleide <i Nordfjord>."

Meir slekt - på andre sida av gata

"Mikkelborggården" låg på nordsida av Kirkegata, mellom Sannegården i aust og handelsborgar Knut Hessen sitt hus i vest, som var hjørnehus mot Prestegata.

"Mikkelborggården" sin gjenbu i sør var husnummer 256, "Madame Mechlenburgs Vaanehuus". Denne madammen fikk 1854 løyve til å bygge på tomta nord for sorenskrivar Holmboe si tomt, dvs tomta ovafor sørvesthjørnet mellom Langeberggata og Kirkegata. Huset skulle ligge 20 alen fra "Mikkelborggården" på nordsida av gata.

Denne madam Mechlenburg var lik Sebastiane Caroline Heide (1810-) fra Vågneset, enke etter Hans Jacob Hiort Mechlenburg (1811-49), proprietær i Honningdal. Denne unge daude proprietæren var både samnemning og jamaldring med søskenbarnet på nordsida av Kirkegata, i nummer 257, så det er lov å bli forvirra.

1865 budde handelsborgarane og svograne Tønnes Tønnessen (gift med Anne Margrete Mechlenburg) og Nicolai Margretus Mechlenburg (gift med Elisabet Fristad) i dette huset, likeeins skipsbyggmester Carl Joachim Haasted med familie.

Huset neda-/austafor 1858: "Sorenskriver Holmboes Vaanehuus", nr 254, var 1865 i eiga til handelsborgar Jens Anton Landmark med kona Maren Martine Friis (1832-96) - Anna Laurentze sitt yngste barn - med 4 døtre og 3 tenestefolk, og leigebuaren, handelsborgar Ole Edvard Devold med kona Joachime fødd Holmboe.

Meir slekt - og meir moro

Holmboe/Landmarkhuset (254) låg vegg i vegg med Mechlenburghuset (256) - "Mikkelborggården" sin gjenbu - og vegg i vegg med dette huset låg både 1858 og 1865 "Snedker Fjeldes Vaanehuus" og ovafor dette låg likeeins 1858 og 1865 "Murmester Hansens Vaanehuus" som hjørnehus mot Prestegata, dvs dagens "Håndverkern".

Dette murmester Hansen sitt hus må ha vore oppført 1856-57, og blei straks kjent som "Murgården"; det var vel tale om Ålesund sitt einaste skikkelige murhus utanom tollbua. Murmesteren sjøl, Johan Fredrik Hansen (1822-), fødd i Asker, ekta i Bergen 1850 Hanna Henriette Wingaard Friis (1823-), Anna Laurentze Abelset sitt nesteldste barn i andre ekteskapet. Hansen og Hanna fikk minst 3 barn, men 1865 levde bare 2 av dei: Adolf Laurentius og Hans Wingaard Friis Hansen (seinare kutta Hans ut Hansen).

1865 hadde såleis gamle enkemadam Friis, Anna Laurentze Abelset ("gullungen"), mange barnebarn i ein 40-50 meters radius fra der ho budde: 8 i "Mikkelborggården", 4 i Landmarkhuset og 2 i Murgården; ute i Steinvågveien, på den seinare "Mikkelen" (og no "Eik"), budde samtidig 3 barnebarn. I alt er det tale om 17 barnebarn i næraste nabolaget henner.

Her kan eg nemne at enno 1858 budde endå 5 av Anna Laurentze sine barnebarn i strøket, nemleg barna til handelsborgar, seinare fyrforvaltar på Runde, Andreas Løeg (1804-82) og kona Anna Bagge Mechlenburg (1813-90). Denne familien bygde 1856 det huset som seinare blei Prestegården i Ålesund, dvs nordvesthjørnet av den tids Strandgata og Prestegata (med Prestebrygga framfor).

Og meir - i Strandgata og Bakkegata

1865 budde skomakarmester Henrik Holtermann Mechlenburg (1819-) med kona Julie Jensine Berthelsen (1818-) fra Kristiansund og barnet, skomakarsvein Hans Anton Mechlenburg (1865:19) i "Bager Strøms Gaard"; dette huset var bygd av Mons Vegsund 1855 og låg på nordsida av den tids Strandgata (no Nedre Strandgate) mellom Prestegata og Langeberggata.

Denne familien - minus sonen - var 1875 leigebuarar i Lauritz Devold sitt leigehus i den tids "Knudsenbakken", som må vere lik dagens Bakkegata (eventuelt bakken fra Brunholmen og oppetter dagens Øwregata). Skomakarmadam Mechlenburg ser ellers ut til å ha vore søster av Margrete Elisabet Berthelsen (1818-) som var gift med skipsførar, seinare hamnefut i Ålesund Johan Andreas Kraasbye.

Og endå meir - Friis, Steffensen og Jacobsen

Hans Wingaard Friis (1827-92) var kjøpmann og budde i Skansen, gift med tollkasserardøtrene Bull, først Ovidia Palline, sidan Anna Gudmanda (1842-89). Med andrekona fikk han 11 barn, m.a Palline Sofie, gift med fabrikkeigar Ole Hagbart Jacobsen, og Gudmanda, gift med kontorsjef Hilmar Steffensen. Sonen Hans Wingaard Friis (III) var fødd 1870 og kjøpmann i Ålesund. Han var ugift og barnlaus, så vidt eg veit.

Landmark og Helgesen - i lange baner

Maren Martine Friis (1832-96) var yngste barnet til Anna Laurentze Abelset. Ho ekta Jens Anton Landmark (1828-1905) fra Brandal, som var handelsborgar i Ålesund og seinare lensmann i Aure på Nordmøre.

Denne huslyden budde 1858 i huset på sørvesthjørnet av Kirkegata og Langeberggata, men flytta seinare til Aure. Eldstedatra deira, Anna Katinka Marie Landmark (1860-), ekta 1886 Cornelius Marius Helgesen (1852-), blikkenslagarmester og son av hermetikkpioneren Herman Alrik Helgesen i Kippervika, stamfar til blikkenslagardynastiet Helgesen i Ålesund.

Cornelius og Anna hadde 7 barn 1900, og disse har diger etterslekt i Ålesund.


Hans hadde et forhold med Siri Larsdatter Stige, datter av Lars Paulsen Gresdal og Mali Olsdatter Stige. (Siri Larsdatter Stige ble født i 1753 på Stige, Skodje og døde etter 1792 i Søvik, Haram.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia