Erik Rasmussen Brendefur
(1754-1816)
Ingeborg Larsdatter Maurset
(1755-1828)
Lars Eriksen Brendefur
(1782-1878)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Brite Ellingsdatter Sætren

Lars Eriksen Brendefur

  • Født: 1782, Brendefur, Hornindal
  • Ekteskap: Brite Ellingsdatter Sætren i 1826
  • Død: 1878, Brendefur, Hornindal 96 år gammel

  Generelle notater:

Lars Eriksson Brendefur (1782-1878). Spelemann. Ein av dei første kjende spelemennene frå Hornindal.

Han deltok i krigen 1807-14 som tambur (trommeslagar), og skal m.a. ha spela for prins August av Augustenborg. Tromma som Lars brukte, heng i Eidsvollsbygningen. Ein vals etter Lars Erikson Brendefur har sidan vorte kalla "Prinsevalsen"

LARS BRENDEFUR, "gamle-Brendefuren" (1782-1879), Hornindal.
Lars tok med seg fela i felten under 7-års krigen (1782-1878), og vart snart fast spelemann for generalen, prins Christian August av Augustenborg.Ein gong spela Lars ein vals som prinsen kom til å like veldig godt. Prinsen vinka Lars til seg og sa "Ville det behage Ham at spille hin fascinerende Vals ennu en Gang for Mig?" Lars var ikkje tungbedd og på nytt strauk hanopp valsen, som seinare vart kalla Prinsevalsen. Då han var ferdig, vinka Christian August han bort til seg att, takka han i handa og gav han 25 speciedaler. "Det monne Han have, som en Tak fra Mig, for hint elegante Spil", sa han. Det mangla heller ikkje på brennevin i prinsen sine selskap. Lars likte betre å spele enn drikke, og når dei høge herrar såg bort gjekk drammen bak om skuldra
og opp i næraste blomsterpott. Då Lars kom heim frå felten hadde han tent seg so rik på speling at han kjøpte halve garden for 400 speciedalar.
Heim frå krigen hadde Lars med seg tre feler. Den eine vart kalla "Hyrneløysa" fordi ho hadde avrunda kantar, som ein gitar. "Hyrneløysa" hadde han kjøpt i Trondheim, men ho skriv seg truleg tilbake til felemakaren Chanot i Frankrike. Chanot levde rundt 1700-talet og hadde stor tru på slike feler.
Etterkomarar av Lars har teke vare på fela og ho finst enno i Honndalen. Fela var god, og det seiest at når Lars spelte på "Hyrneløysa", var det ingen som kunne måle seg med han.
Lars vart mykje nytta som spelemann i Honndalen og bygdene omkring. Truleg var han den første som kom med valsetonar til Honndalen.


Lars giftet seg med Brite Ellingsdatter Sætren i 1826. (Brite Ellingsdatter Sætren ble født i 1799 i Sætren, Hornindal, Sogn og Fjordane og døde i 1846 på Brendefur, Hornindal.)




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia