Paul Knutsen Kirkhorn
(1667-1746)
Anne Halvardsdatter Sindre
(Ca. 1650-Ca. 1720)
Hallvard Paulsen Sindre
(Omkr 1703-1760)
Marthe Knutsdatter Rekdal
(Omkr 1695-1762)
Ingeborg Hallvardsdatter Gangstad
(1739-)

 

Familiekoblinger

Ingeborg Hallvardsdatter Gangstad

  • Født: 1739, Gangstad, Midsund

  Generelle notater:

Ho fekk i 1762 eit barn med mannen til halvsøster si og vart dømd til døden. Barnet fekk navnet Peder, med det døydde kun to dager gammalt. Mannen til halvsøstra heitte Peder Olsen Drønnesund.

På denne tida var det å få barn med nokon som var i så nær slekt, eit stort brotsverk, og begge vart arresterte og stillt for retten. Halve buet på bruket ( Peder sin del ) blei inndratt til fordel for staten, og begge blei dømde til døden og skulle setjast i "Bolt og jern".

Harald Slyngstad skriv følgjande om saka i Vatne bygdebok, band 2:
"Men saka drog ut. Og etter om lag 10 år, var dei ennå i arrest hjå lensmannen i Skoravik. I denne tida var dei 3-4 gonger til forhøyr i Bergen, sendt nedover i jarn med vaktmannskap.
Lensmannen i Skoravik let dei dømde arbeide med små ting for seg, og utan jarn, noko som var ulovleg. Og det gjekk snart rykte som kom futen for øyra at dei fekk ferdast fritt, dei hadde endå til vore i kyrkja til gudstjeneste ! Futen flytta dei difor frå Skoravik".

Siste gong vi høyrer om saka er i 1772. Ingeborg blei truleg plassert på arbeidshuset i Bergen, for i 1769 fekk ho barnet Halvor med ein tysk vaktman der, men som då var reist frå landet. Ingen av dei blei etter det vi veit avretta, og Peder døydde i Drynjesund i 1819.




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 25 Okt 2012 med Legacy 7.5 fra Millennia